Velkommen til

Kirketeigen Camping

Idyllisk og ideell plassering

I fantastiske Gudbrandsdalen, en kort kjøretur fra mektige Rondande, finner du Kirketeigen Camping. ​Overnatt hos oss og reis ut på eventyr i Gudbrandsdalen: I gangavstand finner du Krigsminnesamlingen ​og en frisbeegolfbane. Innenfor en kort kjøreradius finner du raftingelva Sjoa, fantastiske turmuligheter ​til fots og med sykkel, og du kan resie på moskussafari.


Med sin plassering tilbyr Kirketeigen overnatting midt mellom.

Oslo og Trondheim og midt mellom Oslo og Nordvestlandet. Med andre ord en ideell plass å stoppe ​underveis på reisen

Vi tilbyr

På Kirketeigen vil du oppleve god service, rimelige priser og en trygg, ren og trivelig plass. Vi tilbyr ​overnatting i hytter og rom, samt plasser til campingvogner og bobiler og telt. Vi har oppholdsrom og ​felles sanitæranlegg, samt strøm og tømmestasjon til vogner og biler.

Book

nå!

Det var ein gang ein gard...

Historia om Kirketeigen

Kirketeigen var opphavleg eit gardsbruk i Kvam, kalla ​«Kirkevolden». I si tid var det Mari Kirkevolden som ​eigde og dreiv denne garden saman med drengen sin, ​Sina Bergum. I 1894 var det ei såkalla “Vekkelse” i Kvam. ​Då kom Mari med i Indremisjonen. Engasjementet Mari ​hadde i Indremisjonen leidde til at ho testamenterte ​gardsbruket til Gudbrandsdal Indremisjon.

Mari Kirkevolden

Mari Kirkevolden.

Kjelde: Kirketeigen

Mari Kirkevolden døydde i 1948. I testamentet etter ​henne stod det at drengen Sina Bergum skulle drive ​Kirkevolden fram til sin død, da skulle Gudbrandsdal ​Indremisjon ta over. Sina døydde i 1958, og ​Gudbrandsdal Indremisjon vart eigar.

Sina Bergum.

Kjelde: Kirketeigen

Indremisjonen byrja å arrangere sommarleirar, med stor oppslutning av ​born frå heile Gudbrandsdalen. Dei brukte bustaden på garden til ​husvære for tilsette. Allereie tidleg i Indremisjonen si drift på ​Kirkevolden vart jordbruksområdet og tunet omgjort til campingplass, ​etter kvart med små campinghytter. I 1963 vart det bygd internat og ​forsamlingslokale med kjøkken og matsal.


Frå sekstitalet og til ut på 2000-talet var det kvar sommar arrangert ​Bibelcamping, og i påska familie-leirar, med stor oppslutning frå heile ​Sør-Norge.


I 1973 vart forsamlingslokalet utvida med møtesal. I 1993 vart internatet ​og forsamlingslokalet knytt saman med det som i dag er huvudinngang ​med foajé og resepsjon. Det gamle kjøkkenet vart innlemma i matsalen, ​og nytt storkjøkken vart bygd, samt ny sanitæravdeling i kjellaren. Den ​siste utbygginga var delvis finansiert ved sal av skog som tilhøyrde ​Kirketeigen. Sal av sekretærbustaden i Øyer utgjorde hovuddelen av ​finansieringa. Ein fekk også støtte frå Distriktenes Utybyggingsfond (no ​Innovasjon Norge).

I 1994 var Kirketeigen offisiell innlosjering under OL på ​Lillehammer. OL-publikum frå rundt om i Europa såg ​stor idrett på Lillehammer og sov i hytter og på internat ​på Kirketeigen. Gjestene vart servert suppe å varme seg ​på om kveldene.


Etter OL på Lillehammer vart fire store campinghytter ​innkjøpt og flytta til Kirketeigen.

I 1994 var Kirketeigen

offisiell OL-innkvartering

Normisjon er framleis eigar av Kirketeigen, men det er den lokale og ​regionale foreininga Nye Kirketeigen som står for drifta, regulert av årleg ​avtale med eigar. Opprettinga av Nye Kirketeigen var eit grasrotinitiativ ​som kom i kjølvatnet av at Normisjon i 2018 vedtok å selje Kirketeigen på ​det opne marked. Ut i frå ei sterk kjensle av ansvar og omsorg for den ​testamentariske gåva Kirketeigen i si tid var, ønska lokal og regionale ​krefter å forsøke å drive Kirketeigen vidare.

Formålet for foreninga er å legge til rette for Kristent ​barne- og ungdomsarbeid. Foreininga ønsker også å ​drive anna samfunnsbyggande arbeid og aktivitet med ​sosial profil, blant anna som storstove for Kvamsbygda ​som eit ettertrakta selskapslokale for må og store ​hendingar. For å legge til rette for det nemnde arbeidet ​er drift av campingplass og pilgrimsherberge eit viktig ​arbeid, det er dette som finansierer drifta av ​Kirketeigen. Samstundes er Nye Kirketeigen ein ​medlemsbasert foreining kor medlemma og andre ​bidreg med gåver, donasjoner og frivillig arbeid. Dette ​er Nye Kirketeigen svært takksame for, og avhengige av ​for å sikre vidare drift.

Kirketeigen er

offisielt pilegrimsherberge

Tekst: Kjartan Ruset, omarbeidd av Lars A. R. Skybak